www.norskboka.no

Ivar Aasen

Gamle Noreg

Gamle Noreg, nørdst i grendom,

er vårt eige ættarland.

Der er hav, som heilt åt endom

leikar om den lange strand;

Der er vikar og vatn og øyar,

tusen fjordar og tusen fjell,

snøyer, der sjeldan snøen tøyar,

dalar, der fossen diger fell.

 

Lei er vel den lange vetter,

endå grøn vår granskog stend,

og når lauv i liom spretter,

fagre leter fær vår grend.

Store dagar og stutte næter

lida lett om den ljose jord;

strand og fjord og fjell og sæter

skiner av sol frå sud og nord.

 

Born av dei som bygde landet,

er på tuftom endå til;

garden stend i gamle standet,

bygd og bøtt som bonden vil.

Van til møda, meir enn til kjæla,

leikar lyden på land og sjo.

Gjev han sitje med sømd og sæla

trutt på tuftom i trygd og ro!

 

(Fra Symra, 1863)

 

nørdst: lengst nord

snøyer: snaue fjellvidder

tøyar: smeltar

let: farge

kjæla: her medgang

lyden: folk

sømd.: ære

sæla: lykke

 

 

Ivar Aasen

Nordmannen

Mellom bakkar og berg utmed havet

heve nordmannen fenge sin heim,

der han sjølv heve tuftene grave

og sett sjølv sine hus oppå deim.

 

Han såg ut på dei steinute strender;

det var ingen, som der hadde bygt.

-Lat oss rydja og byggja oss grender,

og so eiga me rudningen trygt.

 

Han såg ut på det bårute havet,

Der var ruskut å legja utpå;

men der leikade fisk ned i kavet,

og den leiken den ville han sjå.

 

Fram på vinteren stundom han tenkte:

Gjev eg var i eit varmare land!

Men når vårsol i bakkane blenkte,

Fekk han hug til si heimlege strand.

 

Og når liane grønkar som hagar,

Når det laver av blomar på strå,

Og når netter er ljose som dagar,

Kan han ingenstad venare sjå.

 

Sud om havet han stundom laut strida,

Der var rikdom på benkjer og bord,

Men ikring såg han trelldomen kvida,

Og så vende han atter mot nord.

 

Lat no andre om storleiken kivast,

Lat deim bragla med rikdom og høgd,

Mellom kaksar eg inkje kan trivast,

Mellom jamningar helst er eg nøgd.

 

(Fra Symra, 1863)

 

© Leif Harboe